Vinden er ein lunefull venn! Så er sagt, men denne gongen var han stabil og gavmild.

Eg er så heldig å få væra på jobb og segla med eit fantastisk mannskap og ein like flott gjeng ungdom “Windjammers” som skal ta ein månad av livet sitt til noko heilt spesielt: segling med Christian Radich på havet.

 

I haust, på seglas nedover til Canariøyane med Christian Radich reiv motvinden oss i håret til me var langt inn i Biskaya før han sleppte taket. Så svinga vinden oss rundt eit lavtrykk og ned til Madeira.

 

På turen oppover tok “han” tak i oss  og førde oss strake vegen, som om det var lagt ut togskinner mellom Madeira og La Coruna. Mest vind var det i første del av strekket, men på slutten vart røylsegla strekte og vindjammersgruppa fryda seg over å ha fått vore med å sett øverste seglet. Eg som gamal skuleskipsgutt, kunne ikkje dy meg, då me la skuta opp for bidevind og eg fekk “låna” rattet av rorgjengaren. Måtte berre kjenne korleis skuta var på bidevind. Riggen vart trimma og skuta la seg i 8,4 knop då me segla på innslaget i seglet. Ja her er mange utrykk som ikkje er så forståeleg for dei fleste men grovt sagt så seglar ein så høgt opp mot vinden som skuta kan klara med effektiv fart.

 

Det høyrest sikkert fantastisk ut og det er det. Men det er ikkje like kjekt for alle når skuta tek seg ut i dei første bølgjene etter å ha ligge i hamn. Sjøsjuka, som ikkje er noke sjuke men ein normal tilstand for eit friskt menneske slår til og tyner noken av oss nokre dagar før ein er i “vater” att. Vel over sjøsjuka vart det eit lite opphald i ein høgtrykksrygg. Og då, som på nedturen bada me i 3000 meters høgde over botnen. Eit frydefullt øyeblikk. Endeleg fekk me me sjå skuta litt på avstand.

 

Når fullmånen lyser på havet og du får vita at den er ekstra nære Jorda og ekstra stor å sjå. Då vert det litt magisk, serleg om den skjuler seg delvis bak kraftfulle skyer. Den lyser opp heile skuta og havet. Og skuta rullar avgårde og mastrane teiknar ringar oppe blant stjernene.

Windjammerungdomane stirar storøygd opp mot himmelen, “Jeg har aldri sett så mange stjerner før”, “helt magisk”. “Se der, et stjerneskudd!”. Det er undring i stemmene. “Der er så mye lys der jeg bor, vi ser ikke stjernene slik som her” seier dei fleste. Noen er med å berger seil i mørket. Spenningen å jobba i riggen er der i begynnelsen, men etter nokre dagar får dei ikkje nok, det blir ein dragning å koma seg opp og ut på rærne for å jobba. Og å sjå utover havet. Det er som å få lov å væra ein måke ei lita stund, sveva der oppe, duva avgårde. Kjenna på ein frihetsfølelse, ein stoltheit av å meista og å nyta.

 

“Windjammerungdomen”, blir flinkare å flinkare, ein ser dei er slitne men det er som det skal væra nokre av dei får eit glimt i auga og glede ved å stå på, kjenna det svi i nevane og musklane brenn av at dei må jobba og slita. Det er noke godt med det å bli trøytt og kunna stupa i hengkøya og kjenna “brytaren” i hovudet vert skrudd av før ein har fått lagt seg nedpå puta. Litt verre i andre enden når “brytaren” skal skruast på og ein skal opp på vakt. Hugsar frå “skuleskipstida” mi at nokon vart boren opp i hengekøya og lagt sovande på dekk når det var oppstilling. Me er alle forskjellige og må alle tilpassa oss. Ein slik tur er ein tankevekkar for dei som er så heldige å få oppleva å segla ei slik skute over fleire veker. Det gjer noke med ein. Lærdom kan me få heile livet, men det ein får med seg i ung alder kan bli sitjande og bli ei “leiarstjerne” resten av livet. Ein stoltheit dei bærer med seg ser ein alt at ein del av ungdomane har fått. Må dei lykkast med vidare mål og meining og ta minna frå denne turen med seg.

 

Me har Biskaya og Kanalen att før dei går i land, og no har dei landlov i La Corona, gler seg over fast grunn under beina og mykje å sjå i ein by der Romarane bygde verdens første fyrtårn, i ytterkanten av “Verden”

for nokre tusen år sidan. Ifrå dette verdens hjørne går kursen nordover mot Holland der dei skal “mønstra” av og avslutta denne reisa i livet, klar for nye!

Helsing Einar

About Author

client-photo-1
ida